Toppbilde om oss

Om oss

Nettselskapet Tendranett har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av straumnettet på Voss. Her finn du generell info om Tendranett og evt. ledige stillingar.

Planlagt straumbrot Hjelle til Tungeteigen mandag 8/7 Les meir

Sikkert straumnett frå fjord til fjell

Tendranett er ansvarleg for drift, vedlikehald og fornying av straumnettet på Voss. 

Me sikrar straumnettet til om lag 12 600 kundar per 2024, medrekna privatbustader, hytter og næring, og me har ca. 30 tilsette.

Tendranett er eigd av Voss Energi AS.

  • Vossenergi raundalselva

Kvifor Tendranett?

Nytt namn, same verdiar

I 2021 bytte me namn frå Voss Energi Nett til Vonett AS på grunn av dei strenge krava knytt til å halda nettselskap og straumproduksjon adskilt.

I 2023 vart me pålagt av Reguleringsmyndigheten for energi (RME) å byta namn ein gong til, fordi det nye namnet ikkje skilde seg klart nok frå “Voss Energi”.

Det nye namnet speler på verbet “å tendra”, som er eit gammalt ord for å “tenna” eller “kveikja”. Den nye logoen vår har Logolink laga, og Vasser har laga den nye nettsida.

Kva er eit nettselskap eigentleg?

På kundestøttesida vår har me samla svar på ei rekke vanlege spørsmål knytt til straumnett og verksemda vår.

Gå til kundestøtte

Jobb med oss

Kom og jobb i eit triveleg arbeidsmiljø med godt felleskap og moglegheiter for frisk vossaluft, natur og god lærdom! 
Her finn du ledige stillingar hjå Tendranett AS:

Ledige Stillingar