Toppbilde prisar vilkar

Prisar og vilkår for nettleige

Her finn du oppdaterte prisar og vilkår for nettleige, både for privatkundar og næringsverksemd.

Planlagt straumstans: 2 varsel for 28/01 Les meir

Slik fungerer nettleige for privatkundar

Ny modell for nettleige

Nettleige er beløpet du betalar for å få bruka straumnettet i Noreg. Frå 1. juli 2022 har me fått ein ny måte å rekna ut denne nettleiga på, som består av to delar: kapasitetsledd og energiledd.

Kapasitetsledd

Tenk deg at du betalar litt ekstra for kvar gong du brukar mykje straum samstundes. For eksempel, om du har på vaskemaskin, tørketrommel, oppvaskmaskin og komfyr på same tid, kan det koste meir.

Kor mykje meir du betalar, blir rekna ut frå dei tre timane i månaden då du brukte mest straum på same tid. Men, om du spreier ut når du brukar straum (som å bruke vaskemaskina om morgonen og oppvaskmaskina om kvelden), så betalar du mindre.

Energiledd

Dette handlar om kor mykje straum du brukar totalt. Om du brukar straumen om natta, kan det vera billegare enn om dagen.

Heile ideen er å få folk til å bruke straumen litt her og litt der, ikkje alt på ein gong. Dette hjelper med å ikkje overbelaste straumnettet. Det er bra, for då treng vi ikkje bygge meir straumnett, og det kan halde prisen på nettleiga nede.

Prisar og vilkår for privatkundar

NYE NETTLEIGEPRISAR FRÅ 01.01.2026

Prisliste

Gjeldande prisar frå 01.06.2025

Vilkår

Me følger Energi Norge sine vilkår for nettleige. Her finn du standardvilkår for nettleige og tilnkyting for forbrukarar frå Energi Norge.

Har du spørsmål? Sjekk Kundestøtte-sida vår

Slik fungerer nettleige for næring

Ny modell for nettleige er innført 01. juli 2022.

Det er storleiken på sikringane som bestemmer kva type nettariff anlegget skal ha.

1. januar 2022 vert nettleiga tilpassa samla nettinntekt i høve til fastsett inntektsramme for nettverksemda og endringar i forbruksavgift. Sjå under for ny prisliste.

Prisliste for næring

Prisliste 01.01.2026
Offentlege avgiftar
Bidrag til det statlege energifondet ENOVA betalast slik:
Forbrukar betalar 1 øre/kWh.
Næring kr 800/år.
I tillegg til prisane kjem forbruksavgift med 7,13 øre/kWh.
Redusert sats er 0,6 øre/kWh.