Karriere
Lurar du på å bli energimontør? Få eit innblikk i korleis det er å jobba som energimontør i Tendranett samt info om mellom anna utdanningsforløp m.m.
UTDANNING
| VG1 Elektro |
| VG2 Elenergi og Elkom |
| 2,5 år Lærling |
| Fagprøve |
KVEN ER TENDRANETT?
Tendranett AS har ansvaret for vedlikehald og observasjon av alt linjenett i heile (gamle) Voss Herad. Linjenettet er ein av dei viktigaste tingene me har innan infrastrukturen.
Ryk nettet er samfunnet hjelpeslause på fleir områder enn ein kanskje er klar over. Det er difor kritisk at ein har dei rette folkene på jobb for å opprettholde kvaliteten på linjene samt kunne løyse det raskt dersom uhellet skulle vera ute.
Tendranett AS har fokus på god opplæring, oppdatert kunnskap og at alle skal trivast på jobb. Me er alltid på utkikk etter nye, dyktige kollegaer og mennesker som ynskjer ein jobb som er spanande, utfordrande og betydningsfull.
Før ein går vegen til å bli energimontør, så må ein spørje seg sjølv om ein er glad i ein uforutsigbar arbeidskvardag og frisk luft - for det er ganske essensielle spørsmål kvar svaret burde vera: JA!
Kvifor Tendranett?
Hjå Tendranett har me 100% score på kven som vert lærling hjå oss og som endar opp med fagbrev.
Me lovar god og ryddig opplæring, godt arbeidsmiljø og ein varierande arbeidskvardag kvar ein får sett alle delar av faget.
Tendranett er ei lokal og solid bedrift som har tilgang til det ein måtte ynskje innan fagfeltet. Nett vil det alltid vera bruk for. Me tilbyr mange kurs t.d.:
- Truck
- Varmearbeid
- Arbeid langs veg
- Klatrekurs
- Tilhengjar-sertifikat (BE)
Me søkjer etter nye lærlingar annakvart år (2 stk.) kvar inntak er i februar/mars og oppstart 1. juli. Etter enda læretid og godkjend fagprøve, kan ein gå rett ut i arbeid - enten hjå oss eller andre.
Har du nokre spørsmål?
Fyll ut kontaktskjema under, så kjem me attende til deg så snart som råd!